Samarbeid mellom kommunale tenesteytarar om branntryggleik for risikoutsette grupper (nynorsk)
DSB og Helsedirektoratet har samarbeidd om å lage denne rettleiaren som skal vere eit hjelpemiddel for kommunane i deira arbeid med å syte for god branntryggleik
hos heimebuande personar i risikoutsette grupper. Ei referansegruppe beståande av representantar frå ulike tenester i fleire kommunar har gjeve innspel til rettleiaren.
Ei utvikling med fleire heimebuande personar i risikoutsette grupper vil kunne føre med seg ein monaleg auke i talet på omkomne i bustadbrann om det ikkje blir gjort målretta tiltak. Samarbeid mellom kommunale tenesteytarar som er i kontakt med personar i risikoutsette grupper er eit viktig tiltak for å betre branntryggleiken hos desse.
Bokmålsutgave