Industrirettleiing for sikring av transport av farleg gods på veg (nynorsk)
Som følgje av hendingane 11. september 2001 vurderte internasjonale lovgjevarar det som naudsynt å utvikle og setje i verk tiltak knytt til sikring for transport av gods på veg, jernbane og innlands vassvegar mot mogleg terrorrisiko. Vidare har hendingar i Europa den siste tida auka behovet for transportsikringsregelverk og aktsemd.
Veileder
Last ned PDF (2,6MB) Vis blabar PDF- ISBN-nummer
- 978-82-7768-482-6 (PDF)
- HR-nummer
- 2410
- Utgitt
Desse retningslinjene har blitt utforma av industrien for å gje eit utval av så omfattande tekniske og operasjonelle alternativ som mogleg, der brukarane kan velje den optimale kombinasjonen sin for å oppnå samsvar med krava i kapittel 1.10 i regelverket.
Desse retningslinjene er IKKJE ei beskrivande liste over alt ei verksemd må gjere for å etterleve regelverket. Dei førespeglar heller nokre sannsynlege utfall av ei rekkje moglege tiltak, der kvar einskild kommentar berre kan forståast fullt ut i samanheng med dei aktuelle
forskriftstekstane.
Desse retningslinjene er av ein frivillig og rettleiande karakter. Verksemdene må sjølve etter eige skjøn avgjere korleis dei vil nytte retningslinjene, så lenge tiltaka deira er i samsvar med gjeldande lovverk. I tillegg bør verksemdene vere særskilt merksame på å rette seg etter regelverket som gjeld datasikring/personvern, når dei utfører tiltak på dette området.