Tryggleik på leikeland – informasjon til deg som driv leikeland (Nynorsk utgåve)
Denne brosjyren er retta mot deg som driv eit leikeland med tilhøyrande leikeplassutstyr og fornøyelsesinnretningar.
Det å tilby barn leik i eit leikeland er å rekne som ei forbrukarteneste. Lov om kontroll med produkt og forbrukartenester (produktkontrollova) slår fast at alle produkt og tenester som blir tilbodne til forbrukarar, skal vere sikre. I brosjyren finn du informasjon som bidrar til at du kan tilby ei sikker teneste og sikre produkt (leikeplassutstyr og fornøyelsesinnretningar) i leikelandet ditt.