Tilsynsaksjon hos aktivitetsparkar (nynorsk utgåve)
Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) gjennomførte i 2022/2023 ein tilsynsaksjon for å undersøke tryggleiken hos trampolineparkar og leikeland.
DSB valde aktivitetsparkar fordi det har vore ein auke i talet på meldingar om ulukker og uønskte tilhøve ved slike anlegg dei siste åra, og fordi barn er ei særleg sårbar gruppe som ikkje kan vurdere risiko på same måte som vaksne. Målet var å styrke tryggleiken hos aktivitetsparkar over heile landet, og å gi forbrukarane meir kunnskap om tryggleiken ved aktivitetar i slike parkar.