Tryggleik i heimen for eldre - nynorsk


Brosjyren "Tryggleik i heimen for eldre" ligg no føre i ny utgåve. Brosjyren er oppdatert både når det gjeld innhald og figurar. På siste sida er det no satt inn viktige telefonnummer og informasjon om eigenberedskap. Brosjyren ligg også føre som universelt utforma PDF.

Brosjyre

Last ned PDF (2,3MB)
ISBN-nummer
978-82-7768-282-2
HR-nummer
-
Utgitt

Mange opplever at dei med åra får nedsett syn og høyrsel, blir dårlegare til beins og slit meir med balansen. Blant dei over 65 år skjer 6 av 10 ulukker i
eller nær heimen. For personar over 65 år skuldast 80–90 prosent av skadane kvart år fallulukker.

Fleirtalet av dei som mister livet i brann i Noreg, gjer det
i bustaden. I takt med at alderen stig, aukar også risikoen for å omkome i ein brann. Enkle tiltak kan gjere heimen din tryggare.

4. utgåve av brosjyren kan bestillast i trykt versjon frå trykksak@dsb.no

>> Universelt utforma PDF