Vel riktig jekk
Skal du byte hjul på bilen, må du gjere dette slik produsenten tilrår, og med eigna verktøy. Det tryggaste er å skaffe seg ein jekk som oppfyller krava i standarden (NS –EN 1494: 2000 + A1:2008).
Sjå etter CE-merket, dette er ein dokumentasjon på at produktet oppfyller grunnleggjande krav til tryggleik. I tillegg skal det følgje med nødvendig brukarinformasjon.
Les også: Dette tyder CE-merket
Sjekk hva jekken toler
Mange har fått reservehjul og dekkskifteutstyr levert med bilen, anten som standardutstyr eller mot betaling. Visste du at nokre av desse jekkane berre er laga for å byte ut eitt skadd hjul, ikkje for fleire gongers bruk?
For å vere sikker på kva slags bruk jekken din toler, sjekk bilhandboka eller spør bilforhandlaren.
Farlege jekkar
Frå tid til anna blir det oppdaga jekkar på marknaden som ikkje held mål. Jekkar som blir trekte tilbake frå marknaden blir registrerte i DSB sin produktdatabase.