Samordningsrolla til statsforvaltaren i handteringa av covid-19 (Nynorsk utgåve)
Statsforvaltarane har med utgangspunkt i samordningsrolla si gjort ei felles evaluering av korleis covid-19-pandemien har blitt handtert. Etter å ha samanstilt og analysert evalueringsrapportane frå embeta, har DSB og Helsedirektoratet formulert ti bodskapar som statsforvaltarane på kvar sin måte trekkjer fram som tema det vil vere nødvendig å følgje opp.
Denne samanstillinga og analysen av korleis statsforvaltarane har evaluert samordningsrolla si innanfor samfunnstryggleik og beredskap, er knytt
opp til samfunnstryggleiksinstruksen for fylkesmannen. Instruksen regulerer samordningsansvaret som statsforvaltaren har under uønskte hendingar. Alle statsforvaltarembeta har evaluert hendinga i kvar sin rapport. Det er eit omfattande materiale som viser oss potensiale for verdifull erfaringslæring og erfaringsoverføring. Kunnskap om kva som fungerer godt og kvifor, er nyttig for handteringa av framtidige langvarige kriser.
Erfaringane som statsforvaltarane har gjort, kastar lys over interessante problemstillingar og har avdekt funn som kan styrkje samordningsrolla til statsforvaltaren og den nasjonale kollektive evna til krisehandtering.
Bokmålsutgave