Risikoanalyse av straumrasjonering (nynorsk utgåve)


Formålet med analysen er å vurdere risiko knytt til straumrasjonering, med særleg vekt på å kartleggje følgjehendingar og konsekvensane desse får for folkesetnaden og samfunnsverdiane. Det spesifikke scenarioet som blir analysert, er ei kvoterasjonering på 30 % i éin månad i prisområdet NO2 (Vestfold Telemark, Agder og Rogaland).

Rapport

Last ned PDF (5,4MB) Vis blabar PDF
ISBN-nummer
978-82-7768-542-7 (PDF)
HR-nummer
2467
Utgitt

Risikovurderinga skal gi:
• Oppdatert kunnskap om risiko for samfunnet ved straumrasjonering (revisjon av tidlegare analyse frå 2010).
• Eit kunnskapsgrunnlag for beredskap mot straumrasjonering både for kraftsektoren og for andre sektorar som blir påverka av rasjoneringa.

Spørsmålet som er vurdert i analysen, er korleis kvar enkelt kritisk samfunnsfunksjon («sektor») blir ramma ved 30 % straumrasjonering, sjølv om  samfunnsfunksjonane i praksis vil få ulike kvotar. Kartlegginga viser at enkelte vil bli ramma i stor grad,  medan andre vil oppretthalde primærfunksjonane sine. Til dømes vil matvareforsyning, helsetenester og elektronisk kommunikasjon bli ramma i stor grad, medan transport og andre offentlege tenester berre vil bli ramma i mindre grad.