RISE-rapport: Eksperimentell studie av brannsikkerheit i fasadar med solceller (del 1) eller planter (del 2)
Korleis påverkar fasadar med solcellemodular eller levande planter faren for brann og korleis dei kan slike fasadar utformast med minst mogeleg fare for brann?
Målet med studien har vore å belyse dei tre forskingsspørsmåla:
- Kva parameterar er det mogeleg å tilpassa ved bygging av fasadar med solcellemodular eller levande planter?
- Kva parameterar gir størst utslag på faren for brann
a. På faren for tenning?
b. På faren for vertikal brannspreiing langs fasaden?
c. På varmeeksponeringa mot bygget og nabobygget ved brann? - Korleis kan fasadar med solcellemodular eller levande planter utformast med minst mogeleg fare for brann?
>> Studien vart presentert på RISE Fire Research sitt haustwebinar og kan sjåast her.
Denne studien er finansiert av Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) og Direktoratet for byggkvalitet (DiBK). Del 1 av studien om solceller er utført i samarbeid med Fire Research and Innovation Centre (FRIC) og Dansk Brand- og sikringsteknisk Institut (DBI).