Kommuneundersøkinga 2019 (nynorsk)
DSB har sidan 2002 gjennomført ei spørjeundersøking blant kommunane i landet om status for samfunnstryggleiks- og beredskapsarbeidet i kommunen.
Rapport
Last ned PDF (5,4MB) Vis blabar PDF- ISBN-nummer
- ISBN 978-82-7768-500-7 (PDF)
- HR-nummer
- 2426
- Utgitt
Kommuneundersøkinga for 2019 viser at den positive utviklinga i arbeidet med samfunnstryggleik på kommunalt nivå held fram. Mange kommunar tilfredsstiller lov- og forskriftskrava, og det er ei positiv utvikling i det systematiske arbeidet med kommunal beredskapsplikt.
Det største forbetringspotensialet ligg i å ha oppdaterte planar. For at arbeidet med samfunnstryggleik ikkje blir ei pliktøving for å tilfredsstille gjevne krav, er det viktig å bruke resultata aktivt og systematisk. DSB ønskjer å løfte fram kor viktige akkurat desse krava er.