Evaluering av Viking Sky-hendinga (nynorsk utgåve)
Cruiseskipet Viking Sky fekk motorstans og kom i havsnaud på Hustadvika mellom Kristiansund og Molde 23. mars 2019. Skipet unngjekk så vidt å grunnstøyte, noko som kunne fått katastrofale konsekvensar.

Rapport
Last ned PDF (1,9MB) Vis blabar PDF- ISBN-nummer
- 978-82-7768-513-7 (PDF)
- HR-nummer
- 2439
- Utgitt
Det vart sett i gang eit omfattande redningsarbeid og evakuering av passasjerar med helikopter, som gjekk føre seg til morgonen dagen etter. Justis- og beredskapsdepartementet (JD) var leiardepartement under hendinga, og har gjeve Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) i oppdrag å evaluere handteringa av hendinga. Evalueringa omfattar heile redningsaksjonen, inkludert maritim innsats og helikopterredning, evakuering av personar frå skipet og mottak og handtering av dei på land.