Brann- og redningsvesenet i framtida - Heilskapleg gjennomgang av brann- og redningsområdet (Nynorsk utgåve)


10. november 2022 utnemnde Justis- og beredskapsdepartementet ei arbeidsgruppe som skulle hjelpe regjeringa i arbeidet med ein heilskapleg gjennomgang av brann- og redningsområdet for å sikre eit brann- og redningsvesen som er i stand til å handtere framtidige utfordringar innanfor eige sektoransvar og i samarbeid med andre naudetatar og beredskapsaktørar. Arbeidsgruppa leverer med dette sin rapport.

Rapport

Last ned PDF (8,6MB) Vis blabar PDF
ISBN-nummer
978-82-7768-540-3
HR-nummer
2465
Utgitt

Arbeidsgruppa for heilskapleg gjennomgang av brann- og redningsområdet anbefaler at det blir gjennomført tiltak for å sikre at brann- og redningsvesena vil vere i stand til å handtere framtidige utfordringar innanfor eige sektoransvar og i samarbeid med andre naudetatar og samarbeidspartnarar. Anbefalingane tek utgangspunkt i situasjonen per i dag, og i utviklingstrekka ein går ut frå vil påverke brann- og redningsvesena i tida fram mot 2040. Drøftingar av problem og utfordringar gir grunnlag for å anbefale tiltak som vil gi eit meir effektivt og robust brann- og redningsvesen.