Tilsyn med aktivitetsparkar avdekte fleire feil og manglar
, Nyhet
DSB er uroa over tryggleiksnivået hos aktivitetsparkar i Noreg. Det blei avdekt fleire feil og manglar då DSB utførte tilsyn med ni trampolineparkar og leikeland.
Dei siste åra har det kome fleire meldingar til DSB om ulukker og uønskte forhold i aktivitetsparkar. Barn, som utgjer ei stor kundegruppe i parkane, er særleg sårbare ved at dei ikkje er i stand til å vurdere risiko på same måte som vaksne. DSB (Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap) valde difor å gjennomføre ein tilsynsaksjon for å undersøkje tryggleiken hos trampolineparkar og leikeland i 2022/2023.
Kunne ført til farlege situasjonar
Tilsynsaksjonen avdekte fleire avvik som DSB meiner kunne ha ført til farlege situasjonar for besøkande. Risikovurderingar og rutinar for vedlikehald av utstyr var mangelfulle, og det mangla kunnskap om regelverk.
– Tilsynsaksjonen avdekte fleire avvik som DSB meiner kunne ha ført til farlege situasjonar for besøkande. Risikovurderingar og rutinar for vedlikehald av utstyr var mangelfulle, og det mangla kunnskap om regelverk.
I tillegg oppdaga DSB at ei rekkje parkar ikkje hadde brukt dokumentasjonen frå produsentane når dei utarbeidde systema sine for internkontroll. Produktdokumentasjonen beskriv mellom anna korleis ein skal montere, bruke og halde ved like eit produkt.
– Internkontroll er avgjerande for at aktivitetane i parkane skal vere trygge å bruke, påpeiker Austad.
Eigarane har ansvar
DSB gjennomførte tilsynsaksjonen for å kontrollere at verksemdene følgjer regelverket, og for å auke tryggleiken hos aktivitetsparkane. Eit anna mål for tilsynet var å tydeleggjere ansvaret som eigarane av parkane sit med.
– Vi fann mellom anna eitt tilfelle der ein aktivitetspark hadde klipt opp skummadrassar og brukt det i ei skumgrop. Skumputer til bruk i skumgrop skal vere spesiallaga for å dempe fall. I tillegg viste det seg at desse skumputene var særs brannfarlege, opplyser Austad.
Har retta opp feila
Tilsynsaksjonen avdekte at fleire av parkane hadde mangelfull fordeling av oppgåver og ansvar, utilstrekkelege risikovurderingar og ufullstendige rutinar for vedlikehald. Fleire var heller ikkje klar over at dei er pliktige å melde frå til DSB om alvorlege hendingar.
– Alle aktivitetsparkane som fekk påvist feil og manglar under tilsynet, har meldt om å ha retta opp i desse. Det er bra. Det er viktig at parkane tek tryggleiken på alvor og gir besøkande og tilsette god informasjon og opplæring, konkluderer Austad.
Meld frå
Har du vore uroa for tryggleiken under ein forbrukaraktivitet? Sei frå til arrangøren, og send ei bekymringsmelding til DSB.
Personleg sjekkliste
Dei som eig og driv aktivitetsparkar, må forhalde seg til eit regelverk som skal vareta tryggleiken din, men du har også sjølv eit ansvar for å vurdere ferdigheiter og risiko for deg og barna dine.
- Har du nok kunnskap til å gjennomføre aktiviteten på ein trygg måte?
- Har du fått nødvendig rettleiing og opplæring i korleis aktiviteten skal gjennomførast?
- Har arrangøren ein kvalifisert person til stades som kan gi råd og rettleiing undervegs?
- Er det behov for personleg verneutstyr? Har du dette utstyret, og har du fått opplæring i korleis det skal brukast?
- Gir arrangøren inntrykk av å ta tryggleiken på alvor?
- Veit du nok om risikoen og tryggleiken ved aktiviteten? Viss svaret er nei, stiller du fleire spørsmål.