Korleis Sivilforsvaret bidrog under ekstremvêret «Hans»

, Nyhet


Det er mange tenestepliktige og tilsette som no jobbar med ulike oppdrag i sivilforsvarsdistrikta Oppland, Oslo og Akershus, Buskerud og Hedmark.

– Sivilforsvaret er i innsats ei rekkje stader på Austlandet, og vi har høg beredskap for å kunne hjelpe fleire stader. Sivilforsvarsdistrikta samarbeider seg imellom, og er i godt samverke med alle relevante styresmakter, fortel sjef i Sivilforsvaret, Øistein Knudsen jr.

Lista over stader der Sivilforsvaret trår til for å støtte kommunar og naudetatar, blir stadig lengre. I skrivande stund jobbar sivilforsvarsmannskapa i Søndre Land, Gran, Raufoss, Bagn, Fagernes, Lom, Sjåk, Sel, Hol, Nesbyen, Lillestrøm, Hønefoss og Våler.

Tilsette og tenestepliktige hos Sivilforsvaret utfører ei rekkje ulike oppgåver. Dei driv mellom anna med evakuering og vakthald, hjelper med rekognosering av vegaksar og skredområde, sjekkar vasstanden i elvar/bekkar, lensar og byggjer flaumvern for å sikre vegaksar og unngå evakuering.

– Slik situasjonen er no, har vi nok ressursar og nødvendig beredskap til å løyse oppdraga våre. Eg vil rose alle dei tenestepliktige og tilsette som står på døgnet rundt. Dei står i krevjande innsatsar i risikoutsette område, men vi skal vareta tryggleiken til mannskapa samstundes som vi løyser oppdraga våre. Vi er førebudde på å vere i innsats ei god stund framover, slik prognosane ser ut no, påpeiker Knudsen jr.