Konsekvensane av ekstremvêret – råd til innbyggjarane

, Nyhet


Ekstremvêret har fått store konsekvensar fleire stader i landet. Faren er ikkje over, og dei store vassmengdene finn stadig nye vegar. Her er nokre råd til innbyggjarane i område som er ramma.

Sjølv om vatnet har byrja trekkje seg tilbake i fleire av dei ramma områda, er faren likevel ikkje over. Jorda er metta med vatn etter store nedbørsmengder og flaum, og det gjer at skredfaren framleis er stor, trass i at vatnet no er på retrett i enkelte område. Store vassmengder er no på veg nedover vassdraga, der det er venta særs høg vassføring (dette gjeld spesielt Drammensvassdraget).

Hald deg oppdatert

Vi ber innbyggjarane om å halde seg oppdaterte på situasjonen i sitt område, og følgje pålegg og råd frå styresmaktene. Unngå så langt som råd reise- og transportverksemd inn i ramma område. Hald deg unna flaumvollar, elvebreidder og undergravne vegar og stiar.

Tenk førebygging

Dersom vatnet er på veg dit du bur: Tenk førebygging og utnytt tida før vatnet kjem. For å avgrense skadane på eigen eigedom bør du rydde unna kvistar eller lauv som stengjer for vatnet i avløp og mindre bekkar. Ta også med deg opp verdifulle gjenstandar frå kjellaren. Sjekk at vindauge og dører er godt attlatne, spesielt i kjellaren. Rydd hagen for lause gjenstandar, flytt campingvogner, bilar og større gjenstandar som kan bli tekne dersom vatnet stig.

Eigenberedskap er viktig

Hendingane dei siste dagane har vist at eigenberedskap er viktig. Dei store vassmengdene som er komne, har gjort skade på vegar, straumnett, vassleidningar og annan infrastruktur, og ført til at folk har blitt isolerte, mista straumen eller vatnet grunna flaum. Når slike hendingar skjer, er det lurt å ha tenkt på eigenberedskap i forkant, slik at du er rusta til å klare deg på eiga hand i nokre dagar. Du bør ha nok mat heime til å mette alle i husstanden i minst tre døgn. I tillegg anbefaler vi å lagre 9 liter vatn per person for same periode. Du finn råd om eigenberedskap og lagring av vatn på sikkerhverdag.no