3 av 4 fekk naudvarsel på mobil

, Nyhet


78 prosent av folkesetnaden fekk testen av naudvarsel på mobil under den nasjonale varslingsprøva 14. juni. Det viser ei representativ undersøking som Ipsos har gjennomført blant folkesetnaden på vegner av DSB.

Onsdag 14. juni blei naudvarsel på mobil testa nasjonalt for første gong. Naudvarsel skal brukast til å varsle folkesetnaden om akutte og alvorlege hendingar som truar liv og helse.

I forkant av testen hadde Nasjonal kommunikasjonsmyndighet anslått at 75–80 prosent burde få testen på mobiltelefon. Ei undersøking som blei gjennomført blant folkesetnaden i dagane etter varslingsprøva, viser at 78 prosent av respondentane fekk testen.

– Det er bra at testen nådde fram til så mange. Tidleg varsling og god informasjon er avgjerande i ei akutt krise. Det reddar liv. Samstundes viser denne undersøkinga at enkelte ikkje klarte å ta imot varselet, og det skal vi ta på alvor, understrekar Elisabeth Aarsæther, direktør i DSB.

Stort engasjement

Testen av naudvarsel på mobil har skapt stort engasjement i folkesetnaden. Over 150 000 har sendt inn eit digitalt tilbakemeldingsskjema etter testen, og mange har kontakta DSB direkte. Tilbakemeldingane blir no analyserte, og vil gi meir innsikt i kven som ikkje fekk testen.

– Nokre meiner det var på høg tid å få på plass denne løysinga, medan andre melder at dei ikkje ønskjer å blir varsla dersom det skulle oppstå ei krise der dei oppheld seg. Vi skal no bruke tid på å gå gjennom alle tilbakemeldingane og sjå på korleis vi kan gjere naudvarsla endå betre, seier Aarsæther.

Basert på erfaringar frå andre land, er det ein del som ikkje får varsel fordi dei manglar nødvendige oppdateringar på telefonen. Uavhengig av naudvarsel er det lurt å oppdatere telefonen så fort nye oppdateringar er tilgjengelege.

>> Oppdatert programvare på mobiltelefonen er ein føresetnad for å kunne ta imot Naudvarsel på mobil. Slik sjekkar du kva versjon du har 

Om undersøkinga

Undersøkinga er gjennomført av Ipsos, og har 3869 respondentar. Målgruppa for undersøkinga er eit representativt utval av den norske folkesetnaden over 15 år.

Datainnsamlinga starta 14. juni etter varslingsprøva klokka 12:00, og blei avslutta 19. juni. Resultata er vekta på kjønn, alder og landsdel i tråd med offentleg statistikk for korleis folkesetnaden er sett saman.

>> Befolkningsundersøkelsen fra Ipsos