– Kommunane er grunnmuren i beredskaps-Noreg
, Nyhet
Over halvparten av kommunane oppgir å ha vore ramma av alvorlege naturhendingar dei siste to åra.
Hyppigare og meir alvorlege naturhendingar kan bety fleire situasjonar der beredskapen blir sett på prøve. I kommuneundersøkinga som DSB gjennomførte i 2023, går det fram at over halvparten av kommunane har vore utsette for alvorlege naturhendingar dei siste to åra. Slike hendingar fører til stengde vegar, bortfall av straum og elektronisk kommunikasjon, skadar på infrastruktur og privat eigedom, og behov for evakuering.
– Kommunane er sjølve grunnmuren i beredskapsnoreg. For å betre arbeidet med samfunnstryggleik lokalt er det viktig at kommunen vurderer jamleg om ny kunnskap endrar risikobiletet, poengterer direktør i DSB, Elisabeth Aarsæther.
Det kan til dømes vere ny kunnskap om klimaendringar som kommunen må ta omsyn til.
God arealplanlegging bidrar til trygge samfunn
Klimaet er i endring, og Aarsæther meiner det er viktig at kommunane tenkjer langsiktig for å kunne unngå naturfarar som er større enn dei vi ser i dag. Det gjeld også når kommunen skal vurdere kor det er trygt å bu i framtida.
– God arealplanlegging er med på å skape trygge lokalsamfunn. Kommunane har blitt flinkare til å inkludere kunnskap og erfaring frå arbeid med samfunnstryggleik i arealplanlegginga, men vi meiner dei kan bli endå betre på dette, seier Elisabeth Aarsæther.
Kommuneundersøkinga viser at det har vore ei positiv utvikling i samanhengen mellom beredskaps- og arealplanarbeidet i kommunen. Fleire kommunar enn før svarer at beredskapskoordinator har vore involvert i dei kommunale arealplanane.
Tal frå årets undersøking
90 prosent av kommunane har svart på årets kommuneundersøking. Her er nokre eksempelsvise tal frå dei som har svart:
- 99 prosent oppgir å ha ein heilskapleg risiko- og sårbarheitsanalyse, men 32 prosent har analysar som er meir enn fire år gamle.
- 98 prosent oppgir å ha ein overordna beredskapsplan, men 29 prosent har analysar som er for gamle (meir enn to år).
- 75 prosent oppgir å ha utarbeidd mål for arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap.
Forskrifta om kommunal beredskapsplikt pålegg kommunen å arbeide heilskapleg og systematisk med samfunnstryggleik og beredskap. Mellom anna skal alle kommunane oppdatere risiko- og sårbarheitsanalysen sin minst éin gong kvart fjerde år, og den overordna beredskapsplanen minst éin gong i året.
Historisk utvikling
DSB-undersøkinga om arbeid med samfunnstryggleik har vore gjennomført blant kommunane sidan 2002. Hovudtrekka er at
- kommunane bruker kunnskapen frå arbeidet med risiko og sårbarheit meir aktivt i dag enn for 20 år sidan
- kunnskap frå arbeidet med risiko og sårbarheit i større grad blir brukt til å betre kommuneplanar og planprosessar enn det som var tilfellet for 20 år sidan
- kommunane i dag samarbeider meir med aktørar utanfor den kommunale verksemda når dei jobbar med risiko og sårbarheit, enn det dei gjorde for 20 år sidan
- forståinga for beredskapsarbeid har auka, og at medvitet særleg aukar etter alvorlege hendingar