Kronikk: Ekstremvêr og ekstremisme

, Nyhet


22. juli-terroren og uvêret i Europa er heilt ulike hendingar, men begge kallar på redsel og sorg. Felles for dei er at samfunnet må førebyggje at det skjer igjen. Og samfunnet – det er oss.

Skrevet av Elisabeth S. Aarsæther, direktør i DSB

Hausten 2020 la regjeringa fram meldinga Samfunnssikkerhet i en usikker verden. Då Stortinget behandla dokumentet, auka dei ambisjonane ytterlegare, og vedtok ei rekkje felles fråsegner.

Meldinga kom før leirskredet på Gjerdrum i nyttårshelga, og før skogbrannane på Sotra tidlegare i sommar. Tilbake sit samfunn og enkeltpersonar med ny og skakande erfaring, og med eit sterkt behov for å bli trygge på at det ikkje skal skje igjen.

Hovudpoenget i stortingsmeldinga er at samfunnet må førebyggje. Både mot at nokon rettar våpen mot verjelause, og mot at naturkreftene raserer heile samfunn. Men korleis?

Gamle Stoltenberg sa at «Langt borte finst ikkje lenger». Poenget hans var at verda er tettare på enn før, og at det som skjer langt borte, vedgår vårt eige nærmiljø. Når det gjeld naturkrefter, kan sjølv det beste dokumentet ikkje framskrive kva som skal skje, kva tid og kvar og med kva styrke. Likevel er det ingen tvil om at vêr- og klimaendringar er tydeleg skildra av FN, og lagde til grunn i mellom anna Noregs arbeid med å avgrense klimautslepp og temperaturauke.

Desse autoritative dokumenta gjeld både for verdssamfunnet og for den minste tettstaden. Det er i kommunane folk bur, og det viktige førebyggingsarbeidet skjer der. Då er det nødvendig å omsetje den generelle kunnskapen, ned til lokale analysar og planar. Alle kommunar skal ha ein risiko- og sårbarheitsanalyse for seg og befolkninga si, og i denne skal dei konkrete utfordringane som gjeld for akkurat dei, skildrast.

– Ein må tenkje på det utenkelege, seier ekspertane, og planleggje for noko som aldri har skjedd før. Det er ei krevjande melding, og kvar skal ein byrje?

Store scenario for små kommunar

DSB skal bidra til at Noreg er eit trygt land. Difor har vi utforma ei rekkje døme (Analyse av krisescenario) som er baserte på grundige vurderingar av alvorlege hendingar som kan treffe oss. Desse kan brukast til konkret planlegging rundt om i landet, slik at beredskapsansvarlege har ein stad å starte saman med kommunestyre og næringsliv.

Scenarioet om pandemi er fyldig omtala det siste året. Med fasit i handa, trefte vi ikkje heilt på kva som faktisk skjedde. Likevel er døma inngang til hendingar og konsekvensar som samfunnet må planleggje for å kunne handtere. Det vere seg styrtregn, ras, samanbrot i straumnettet, eller vondsinna angrep. I tillegg til den heilt nødvendige lokale kunnskapen om risiko og sårbarheiter, er det viktig å øve på kva som kan skje akkurat i kommunen vår. Vi veit at det aukar tryggleiken om krisa råkar.

Å førebu seg på det utenkelege, betyr ikkje at gamal erfaring er utdatert. Det står ikkje i motsetnad til å fortsetje å øve på det vi kan. I beredskapsarbeidet treng vi nettopp det: Fortsetje jobben der vi er trygge på at han fungerer, men samstundes supplere med «Tenk om?»-tankegang. Då står vi endå betre rusta til å handtere krisene når noko faktisk skjer, også om dei skulle bli annleis enn vi trudde.

Ein viktig lærdom er at krisa ikkje held seg for seg sjølv, ho får konsekvensar i mange retningar. I Tyskland ser vi korleis mykje vatn på avvegar endrar alt. Infrastruktur, matvareforsyning og ikkje minst kommunikasjon er sett ut av spel, og skapar kriser i tillegg til sjølve katastrofen. Under pandemien ser vi det same. Det vi vanlegvis ville tenkt var ei helsekrise, råkar langt fleire delar av samfunnet enn berre helsevesenet.

Ti år med etterverknad av terroren, som vi har fått mange konkrete historier om den siste tida, talar også sterkt for seg sjølv.

Orda til Stoltenberg gjeld enno: Langt borte finst ikkje. Det kan skje også her. Det kan få konsekvensar også her. Difor må vi byggje beredskapsarbeidet vårt både på erfaringar, scenario og ein god porsjon «Tenk om».