Ny rettleiar til forskrift om kommunal beredskapsplikt

, Nyhet


Kommunane og Longyearbyen lokalstyre har ei viktig rolle i å samordne samfunnstryggleik og beredskap på lokalt nivå. For å ta vare på denne rolla er dei gitt ei kommunal beredskapsplikt.

DSB gjev nå ut ein ny rettleiar til forskrift om kommunal beredskapsplikt for å leggje til rette for betre forståing av:

  • Krav til og rammar for kommunal beredskapsplikt.
  • Heilskapen i kommunens ansvar for samfunnstryggleik med vekt på rolla som lokal samordnar.
  • Heilskap, systematikk, kontinuerlig utvikling og involvering i kommunens arbeid med samfunnstryggleik.

I arbeidet med rettleiaren har DSB vektlagt kva som var grunnlaget for ei kommunal beredskapsplikt, og forholdet mellom kommunal beredskapsplikt og andre beredskapsplikter i kommunen.

Rettleiaren er laga slik at den kan stå seg, sjølv om vi endrar tilnærmings- og arbeidsmetodar for å løyse oppgåvene. I rettleiaren er det vist til andre relevante rettleiarar og rapportar som kan vere nyttige for kommunane sitt arbeid med samfunnstryggleik.

Vi håper rettleiaren kan hjelpe til felles forståing av krava til kommunal beredskapsplikt.

>> Veileder til forskrift om kommunal beredskapsplikt