Brannløft for førebygging

, Nyhet


Gjensidigestiftelsen har gjeve 40 millionar kroner til forsterking av tre nasjonale prosjekt, som vil gje befolkninga auka tryggleik mot brann.

Gåva er gjeven gjennom «Brannløftet», som er Gjensidigestiftelsen si store satsing på branntryggleik. DSB har no fått sjansen til ytterlegare å heve kunnskapen til brann- og redningspersonellet, og til at kommunane kan satse tyngre på brannførebygging.

Styrka branntryggleik for risikoutsette grupper

DSB har saman med Helsedirektoratet laga ein rettleiar som kommunane kan bruke for å styrke branntryggleiken hos risikoutsette grupper. Rettleiaren skal bidra til auka samarbeid mellom helse- og omsorgstenesta og brann- og redningsvesenet. Støtta frå Gjensidigestiftelsen skal styrke implementeringsarbeidet DSB gjer overfor kommunane, slik at fleire kommunar etablerer samarbeid på tvers av sektorar. Dette skal gjerast gjennom målretta forankringsarbeid opp mot kommuneleiinga, opplæring og oppfølging av utførande tenester og utvikling av gode verktøy.

Brannstatistikk ut til folket

BRIS er brann- og redningsvesenet si rapporteringsløysing til DSB. Alle oppdrag med utrykking som registrerast i 110-sentralane, overførast automatisk til BRIS. Herfrå kan ein hente brannstatistikk. BRIS gjev eit unikt datagrunnlag, også i internasjonal samanheng, som kan brukast i det brannførebyggjande arbeidet.

Bidraget frå Gjensidigestiftelsen skal brukast til å vidareutvikle BRIS, slik at dataa blir lettare tilgjengelege for brann- og redningsvesenet. I tillegg skal innhaldet gjerast tilgjengeleg for presse og alle andre som er interesserte i statistikk om brann og ulykker.

Auka bruk av data frå BRIS vil gje kommunane eit betre grunnlag for prioriteringar og vedtak og gjere det lettare å målrette det brannførebyggjande arbeidet.

Digital læringsarena

Digital læringsarena er delprosjekt i ny utdanning for brann- og redningspersonell som med gåva frå Gjensidigestiftelsen vil utviklast til å bli ei heilt sentral plattform for kunnskapsdeling og -utvikling. Ho skal leggje til rette for læring gjennom ulike teknologiske løysingar, og understøtte det kunnskapsløftet som følgjer den nye fagskolen. Særleg viktig er opplæring av deltidspersonell, og det å syte for erfaringslæring og kompetanseheving for personell som ikkje er i eit utdanningsløp. Ny digital læringsarena utviklast for brann- og redningsvesenet om deira behov, slik at nettbasert læring blir fleksibel og motiverande. Den digitale læringsarenaen vil byggje saman teori og øvingar på ein heilt ny og brukartilpassa måte.