FoU-arbeid

Formålet med FoU-arbeidet

For at DSB skal lykkast med å ha eit godt kunnskapsgrunnlag for vårt arbeid med samfunnstryggleik og beredskap, har vi behov for bidrag frå andre kunnskapsmiljø enn våre eigne interne kunnskapsressursar. DSB samarbeider derfor med forskingsmiljø med ulike prosjekt for å sikre seg best mogleg kunnskapstilfang.

DSB har i hovudsak følgjande verkemiddel i FoU-arbeidet:

  • Institusjonalisert forskingssamarbeid
  • Medverknad i forskingsprosjekt
  • Deltaking i søknadsprosessar ved utlysing av forskingsmidlar
  • Intern kunnskapsformidling

Deltaking i søknadsprosessar ved utlysing av forskingsmidlar

DSB bidreg på fleire måtar ved søknader om eksterne FoU-midlar. Utgangspunktet for å bidra er den faglege relevansen og venta nytteverdi av søknadene. Normalt støttar vi berre søknader der DSB er med på å utvikle og gjennomføre prosjektet.

Unntak kan vere der vi kan ha stor nytte av funn og resultat utan sjølve å delta.

Det er viktig for oss å bli tidleg involverte i søknadsprosessane. Førespurnad om vi kan medverke må kome i god tid, normalt minst 4 veker før søknadsfristen går ut. Dette er nødvendig for at vi skal kunne vurdere relevans og nytteverdi og sikre intern forankring. Ved slik førespurnad blir det bede om at skjema under blir fylt ut og sendt til vårt postmottak.

Mal for søknad om støtte (docx)

DSB har fått delegert myndigheit frå Justis- og beredskapsdepartementet til å gi forskarinnsyn i opplysningar med teieplikt på direktoratet sitt ansvarsområde. Myndigheita er delegert etter forvaltningslova § 13 d.