Kontroll av elektriske anlegg om bord i fiske- og fangstfartøy og laste- og passasjerskip under 15 meter
Her finn du informasjon om ordninga med aksepterte føretak for kontroll av det elektriske anlegget om bord i de nevnte fartøy og skip.
Det elektriske anlegget om bord i fiske- og fangstfartøy og laste- og passasjerskip under 15 meter skal kontrollerast av såkalla aksepterte elektroføretak i samsvar med gjeldande forskrifter. Det er reiar som har ansvaret for å få kontrollert det elektriske anlegget i fartøyet.
Alle de oppdaterte dokumentene er i pdf-format, men er skrivbare i de angitte blå feltene med vanlig tekstbehandling.
Aksepterte elektroføretak
DSB aksepterer elektroføretak etter søknad. Kriteria for å kunne bli akseptert, er beskrivne i vedlegget til avtalen.
Søknaden sendes til det enkelte regionkontor.
Rundt 100 verksemder langs kysten er aksepterte for slik kontroll. Du finn ei oversikt over aksepterte føretak i Elvirksomhetsregisteret (blir opna i nytt vindauge).
Kontrollskjema og rettleiing
DSB har utarbeidd eit eige kontrollskjema med rettleiing som skal nyttast ved kontrollen.
- Kontrollskjema (pdf)
- Rettleiing til kontrollskjema (pdf)
- Nordisk Båt Standard - Yrkesbåtar under 15 meter (PDF).
Om kontrollordninga
Sjøfartsdirektoratet har heva sertifikatgrensene og innført ei alternativ kontrollordning for fiskefartøy og lasteskip under 15 meter. Denne fartøygruppa skal kontrollerast av godkjende føretak som skal utferde fartøyinstruks. DSB har etablert ei tilsvarande kontrollordning for det elektriske anlegget for desse fartøya.