Beredskapsvenn er årets ord

– Årets ord 2024 minner oss om at vi står sterkare saman enn kvar for oss, skriv Språkrådet. «Beredskapsvenn» står sentralt i DSB si kommunikasjon for å styrkje folk sin eigenberedskap.

Hausten 2024 fekk alle husstandar ein brosjyre frå styresmaktene i posten med råd om korleis vi innbyggjarar kan klare oss sjølve i ei veke dersom ei krise råkar oss. Eitt av råda er å skaffe seg ein beredskapsvenn.

– Eg synest det er stor stas at Språkrådet har valt «Beredskapsvenn» som årets ord, seier Elisabeth Aarsæther, direktør i DSB. – Det bidreg til merksemd om eit ord DSB meiner er viktig og inneheld mykje; både om den situasjonen verda og Noreg står i, og om korleis vi kan samarbeide og hjelpe kvarandre.

Samarbeid og fellesskap er ein stor ressurs i kriser. DSB oppmodar derfor alle til å snakke med dei rundt seg om kva som kan skje, korleis de kan bli råka, og korleis de kan klare dykk saman.

Les meir om felles eigenberedskap og beredskapsven

Les pressemeldinga frå Språkrådet