Elektrisitet i bustader

Gjennomsnittsforbruket av elektrisk energi per bustad er på om lag 22 000 kWh. Det finst om lag 1,7 million bustader i Noreg, og eit stort tal andre bygningar som hytter, brakker osv.

Publisert 19.04.2012 - 11:00 | Oppdatert 11.06.2009 - 18:03

Det skjer svært sjeldan dødsfall og alvorlege ulykker ved berøring av straumførande leidningar. Talet på dødsfall ved brannar som kjem av elektrisitet, særleg ved feil bruk av elektrisk utstyr, ligg på mellom 15 og 20 kvart år. Det er særleg eldre personar som døyr i desse brannane.

Brannar som kjem av elektrisitet fører til årlege utbetalingar frå forsikringsselskapa på om lag 600 millionar kroner. Rundt halvparten av utbetalingane gjeld brannar som kjem av uforsiktig eller feil bruk av elektriske apparat.

Norske hushald bruker svært mykje energi samanlikna med andre land. Det er klare indikasjonar på at det er ein nær samanheng mellom forbruk og risiko.

For mange brannar blir ikkje brannårsaka klarlagt fordi etterforskinga er mangelfull. Risikobiletet på dette feltet er derfor ikkje fullstendig.

Ein går ut i frå at den aukande alderen på elektriske anlegg i bustader kan bli eit veksande problem. Meir elektrisk utstyr i bustader og auka belasting av straum inneber også auka brannfare. Det er viktig at installasjonar blir haldne vedlike, og fornya i takt med straumforbruket og forventa levetid.

Talet på personar over 67 år er aukande. Statistisk sentralbyrå skriv at talet på eldre over 67 år vil auke med om lag 13 000 kvart år frå 2010. Også fleire psykisk utviklingshemma vil bu i eigne bustader utanfor institusjonane.

DSB har som mål å redusere talet på brannar med elektrisk årsak.

For å betre tryggleiken, skal det ved regelverksarbeid, tilsyn og i samarbeid med andre etatar og organisasjonar fokuserast på:

  • å gjere eigarar av elektriske anlegg og brukarar av elektriske produkt medvitne om sikker bruk og vedlikehald
  • at tekniske verkemiddel blir brukt for å redusere faren for at brannar oppstår og utviklar seg
  • at installasjonar blir haldne vedlike og fornya i takt med forbruket av straum og dei krava som blir stilt til anlegga
  • betre brannetterforsking.

Verktøy og hjelpemidler

Rapportering

Nyhetsbladet Elsikkerhet

DLE-portalen



For privatpersoner

Flyttbare varmeovner

Flyttbare varmeovner er i utgangspunktet beregnet for bruk uten tilsyn, men etter flere rapporter til DSB og oppslag i media om hendelser med slike produkter har DSB valgt å oppfordre til at bruk av slike produkter skjer under tilsyn slik at man kan begrense omfanget av skaden hvis uhellet skulle være ute.

Se alle