Brannsikring av vegtunnellar

Det er om lag 1000 vegtunnellar i Noreg. Desse er av ulik lengde og kvalitet. Ein brann i ein tunnel er ei utfordring både med omsyn til dei vegfarande og redningsmannskapa. Regelverket er basert på internasjonale krav og innlemma i norsk regelverk gjennom samferdselsstyresmaktene sitt regelverk

Publisert 02.02.2011 - 14:13 | Oppdatert 02.02.2011 - 14:16

Brann i ein vegtunnel vil vera ei utfordring både for dei vegfarande og for redningsmannskapa, fordi rømming kan bli vanskeleg, om ikkje umulig, som følge av varme og røyk. Det vil også kunne vera  problematisk for redningsmannskapa å kome til brannstaden for å gjere innsats av same årsak.  Derfor er det etablert eit detaljert regelverk, som både skal førebyggje brann og leggje forholda til rette for sikker rømming og redningsinnsats.

Ein tunnel er eit byggverk med i utgangspunktet to alternative rømningsvegar. Ved ein brann i ein tunnel vil  den eine av desse kunne vera sperra av tett røyk. Dei fleste tunnelane er utstyrt med mekanisk ventilasjon, slik at røyken blir transportert i ein retning. Dei som er på rette sida, vil då kunne ta seg ut av tunnelen utan større vanskar, men dei som er på den sida der røyken er vil kunne ha større vanskar med å koma seg ut.

Det same gjeld for redningsmannskapa. Dei vil alltid måtte angipe hendinga med ventilasjonen i ryggen.

Regelverket

Brannsikkerheit i vegtunnelar er hovudsakelig regulert med heimel i lov om vern mot brann, eksplosjon og ulukker med farleg stoff og om brannvesenet sine redningsoppgåver (brann- og eksplosjonsvernlova) og veglova. Dette er nærare omtalt i rettleiing for sakshandsaming ved brannsikring av vegtunnelar som blei gitt ut av Samferdselsdepartemenet og Kommunaldepartemenet i 2000. Denne vil bli gitt ut i ny utgåve i nær framtid.

Dei materielle og organisatoriske krava framgår av Statens Vegvesen sine reglar - og først og fremst i handbok 021 Vegtunnelar.

Tunnelar over 500 meter vil kome inn under definisjonen særskilte brannobjekt i brann- og eksplosjonsvernlova. Kommunen registrere og listeføre desse tunnelane, og syte for at det blir ført tilsyn med dei.

Verktøy og hjelpemidler

Elektronisk rapportering

Elektronisk rapportering for brannvesenet (passordbeskyttet)

Logg inn



For privatpersoner

Unngå hyttebrann

Kravene til brannsikkerhet er akkurat de samme på hytta som i boligen. Folks oppmerksomheten mot brann er mindre når man er på hytta. Det er mange hyttebranner i løpet av et år. De oppstår ofte om natten og kan få tragiske følger.

Se alle